top of page

Kva skjer?

Her finn du ei oversikt over ulike arrangement! Mykje som skjer på bakeriet framover, og andre arrangement me vil delta på! 

PUBKVELD

quiz og konsert

lørdag 11. april

19:00 Quiz med Folkeakademiet Aurland

20:30 Dei To Karnaljane - Den keltiske Sande Billettar i døra!

Konsert: 150 kr (medlem)/ 200 kr (ikkje-medlem).

Konsert+quiz : 200 kr (medlem) /250 kr (ikkje-medlem)

 

Jakob Sande stod ikkje åleine i Sunnfjord – han delte mykje med den keltiske forteljartradisjonen. Han las dei irske fråhaldspamflettane, fulle av sjølvironi og rå livserfaringar, og han kjende seg heime i den same blandinga av humor og vemod som vi finn hos Robert Burns i Skottland. Som sjømann bar han òg med seg rytmen frå shantyane, arbeidssongane frå dekk og hamn. Når vi høyrer Dei To Karnaljane – Ronny Nymark Johannessen på trekkspel og Halvard H. Lunde på gitar – tolke Sande, kan vi merke slektskapet: eit diktarskap som bind saman kystane – frå Ayrshire og Dublin til fjordane i Sunnfjord. Folkeakademiet Sogn og Fjordane er stolte av både Jakob Sande og å ha to nytolkarar av dikta hans. Dette vert ein svingande fin konsert med både lått og gråt i dei keltiske tonane.

 

Bakeriet held ope heile dagen! Velkommen!

Marianne logo

Marianne Bakeri og Kafé

Åpningstider

Mandag - Fredag

Lørdag

Søndag

08 - 17

08 - 16

08 - 16

Kontakt oss

Telefon:. 948 12 351

Mail:. bestillmariannebakar@gmail.com

Adresse:. Odden 2, 5745 Aurland

​

Følg oss

  • Instagram
  • Facebook

Alle rettigheter forbeholdt Marianne Bakeri og Kafé

Laga av Sara Tønnessen 

 

Informasjonskapsler

bottom of page