Om oss
Mariannes Bakeri & Kafé er meir enn berre ein kafé – det er ein møteplass og ei smaksoppleving med fokus på gode, reine råvarer. Det meste av maten me serverer vert produsert her. Her bakar me med kjærleik, tålmod og respekt for tradisjonane, og me legg vår stoltheit i å servere heimelaga mat laga frå botnen av.
Historia
Marianne Bakeri & Kafe ligg på Aurlandsvangen der elv møter fjord i Aurland. Sidan 2013 har me laga bakst og mat med fokus på gode råvarar. Interessa for bakst og økologi vokste fram då Marianne flytta til Aurland i 1997 for å studere ved Sogn Jord og Hagebruksskule. Ho fann interessa for langtidsheving og gode bakverk som skulle være reint og ekte. Marianne brød vart då eit levande produkt som skapte engasjement. Kafeen som me no held til i har vore ope heile året sidan 2013.
Her lagar me fersk bakst og andre smårettar som suppe, salatar og påsmurt med meir. Frå botnen av med eit stort fokus på økologisk, lokale og reine råvarar som er i sesong. Over brua finn me også garden - der me dyrkar grønnsaker, bær og urter som du også finn på menyen.




