top of page


Marianne Bakeri og Kafè

HÃ¥ndverksbakeri i Aurland

Marianne Bakeri & Kafé starta i 2013 med eit mål om å gi folk i Aurland og omegn ein triveleg plass å ete. Me serverar enkle, friske og smakfulle rettar basert på gode råvarer.

Om oss

Marianne Bakeri & Kafé ligg i vakre Aurland og er ein koseleg stad der god mat og gode råvarer står i sentrum. Me baker alt frå brød og bollar til kaker og smårettar, og me lagar også salatar, supper og smørbrød – alt frå botnen av med nøye utvalde, ofte lokale og økologiske ingrediensar. Mange av råvarene kjem frå vår eigen gard, der me dyrkar grønsaker, bær og urter.

Marianne_brod_21-2.jpg

Kaféen 

 

Kaféen vår strekkjer seg over to etasjar, med god plass til både ein rask kaffipause og ei lengre stund med noko godt å ete. I første etasje finn du bakeriet, utsalet og koselege sitjeplassar, samt direkte utgang til terrassen. Andre etasje byr på meir rom, med både små og store sitjegrupper, ein leikekrok for barna og ein veranda med flott utsikt. Her finn du òg ein storskjerm, som gjer rommet godt eigna for møter, foredrag og andre samlingar

 

​

Åpningstider

08 - 17
08 - 16

Stengt

Mandag - Fredag        Laurdag
Søndag

søndagsope  16/11 & 7/12

stengt            27/11
                      30/11-4/12 

juletid 

23.12 
24/25.12
26/27.12
28.12
29/30.12
31.12/1.1-26

 

08-16
stengt 
08-16
stengt
08-16
stengt
 
 

Våre produkt

Hos oss får du fersk bakst, smakfulle lunsjrettar og nytrakta kaffi

– alt laga frå botnen med dei beste lokale råvarene

Brød

Brøda våre får heve lenge for den beste smaken og teksturen – saftige, luftige og fulle av karakter. 

Paosmurt

Vi tilbyr ulike variantar av "Paosmurt", servert med ferske, gode grønsaker på nybakte rundstykke

Varme rettar

Vi tilbyr ulike variantar av Pizza, samt smakfull "dagens suppe"

Kalde rettar

For deg som er glad i smakfull salat basert på sesongens råvarer, wrap eller yoghurt

Søt bakst

Vi har eit stort utval av søt småbakst som kanelsnurr, kardemommebolle,

 og den klassiske skulebollen.

Salt bakst

Her finn du ulike varianter av pizzaboller, foccatiaer, samt den enkle og gode ostebollen

Kva skjer på Kafèen

 Me arrangerer jamleg hyggelege kveldar med strikking, inspirerande foredrag og andre samlingar der folk kan møtast. Me har også turar utanfor kommunen kvar det er mogleg å kjøpe bakst på marked, og REKO RING! 

LUCIAFRUKOST
FORTELJARSTUND 
13.12

REKO RING 
Sogndal

 


09.12
 

 

På Marianne Bakeri & Kafé er baksten laga med ekte handverk. Me bakar alt frå botnen, med fokus på kvalitet og tradisjonelle metodar. Me gir deigen tid til å heve langsamt, slik at baksten får den rette smaken og teksturen. Alt me lagar, frå brød og bollar til kaker, er laga med gode råvarer og mykje omsorg.

 

​

Handverket

Marianne_brod_24.jpg
Friske grønnsaker i kurven

Råvarer frå eigen hage

På garden vår i Aurland dyrkar me mange av råvarene vi brukar på kafeen, som bringebær, tomat, salat og urter. Me driv økologisk og legg vekt på bærekraftige metodar. I tillegg til dette har me høner som gir oss ferske egg, og norsk spelsau som hjelper til med beiting og naturpleie. Alt me produserer her er prega av omtanke for både dyra og naturen rundt oss. 

Marianne logo

Marianne Bakeri og Kafé

Åpningstider

Mandag - Fredag

Lørdag

Søndag

08 - 17

08 - 16

stengt 

Kontakt oss

Telefon:. 948 12 351

Mail:. bestillmariannebakar@gmail.com

Adresse:. Odden 2, 5745 Aurland

​

Følg oss

  • Instagram
  • Facebook

Alle rettigheter forbeholdt Marianne Bakeri og Kafé

Laga av Sara Tønnessen 

 

Informasjonskapsler

bottom of page